NPK-NTB: Widerøe har bestemt seg for å nytte seg av den statlege lånegarantiordninga for norsk luftfart. Eigarane spyttar i tillegg inn ytterlegare 50 millionar kroner.
Totalt får dermed selskapet inn 500 millionar kroner i kapital, skriv E24.
– Det som er spesielt med situasjonen, er all uvissa. Vi har hatt tilstrekkeleg med finansielle ressursar til å dra oss gjennom hittil, men inn i 2021 byrja det å bli litt tynt, seier Widerøe-sjef Stein Nilsen til E24.
Pengane er henta inn for å sikre seg ein buffer og kunne handtere potensielle innstrammingar og andre utfordringar som kan komme framover. Avtalen og pengane kom på plass i slutten av juni.
Omsetninga til Widerøe fall i koronaåret 2020, men selskapet er blant flyselskapa som har klart seg best gjennom pandemien. Ei viktig årsak er at Widerøe i hovudsak driv innanlandsflygingar, som har vore langt mindre påverka av restriksjonar enn utanriksmarknaden.
Widerøe-sjefen seier selskapet no er godt rusta for kva som enn måtte skje i 2021 eller 2022, og han ser ikkje bort frå at pengane på sikt kanskje kan bidra til at selskapet kan investere i nye fly i framtida.
– Men det blir nok sett meir på dagsordenen når vi nærmar oss 2022, for akkurat no handlar det veldig mykje om å sikre at vi kjem tilbake i full drift på dei flya vi har, seier Nilsen.
Publisert: 13.07.2021 08:03
Sist oppdatert: 13.07.2021 08:05