Kort fortalt

Widerøe foreslår ulike prisar

Vil har eigne prisar for turistar.

16.04.2024

NPK-NTB: Widerøe har meir trykk frå ferie- og fritidsreisande etter at prisane på dei statsstøtta flyrutene vart halverte. Selskapet foreslår eigne prisar for turistar.

– Vi ser at dei mest populære avgangane no i større grad blir fylte opp av ferie- og fritidsreisande. Konsekvensen er at næringsliv og pasientreiser kan få utfordringar med å finne billettar på desse avgangane tett opp til avreise, seier kommunikasjonsrådgivar Lina Lindegaard Carlsen i Widerøe til Brønnøysunds Avis.

Regjeringa har dobla statsstøtta til dei såkalla FOT-rutene til distrikta, og i løpet av året vil maksprisane bli halverte.

Widerøe har vunne det statlege anbodet for dei fleste av rutene. No foreslår dei endringar.

– Det står att å sjå korleis det faktisk blir, men dersom det blir vanskeleg å få fram folk som har behov, trur vi at andre prismodellar vil fungere betre, seier Carlsen.

Reint konkret foreslår selskapet ein liknande modell som i Spania, der bebuarar mellom anna på Kanariøyane og Balearane får rabatt på flyreiser til og frå fastlandet.

– Dette vil seie at alle med eit bebuarbevis i eit definert geografisk område får rett til rabatt, seier Carlsen.

Brønnøysunds Avis har spurt statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp) i Samferdselsdepartementet om ein kommentar til forslaget, men han svarer ikkje direkte.

– Fram mot neste anbodsrunde skal vi vurdere korleis vi sikrar eit best mogleg tilbod for summen vi bruker, seier han.

Publisert: 16.04.2024 11:46

Sist oppdatert: 16.04.2024 11:46