Wolden Bache formelt utnemnt
Den nye sentralbanksjefen utnemnt i statsråd.
Ida Wolden Bache vart i statsråd fredag formelt utnemnt til ny sjef for Noregs Bank, etter at Jens Stoltenberg trekte seg førre veke.
– Ida Wolden Bache er veldig godt eigna som øvste leiar i Noregs Bank, ein institusjon som forvaltar viktige samfunnsoppdrag på vegner av oss alle, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Det var opphavleg Natos generalsekretær Jens Stoltenberg som vart gitt sentralbanksjefsjobben etter Øystein Olsen. Førre veke valde likevel Stoltenberg å trekkje seg, etter at det vart klart at han hadde takka ja til å halde fram i Nato som følgje av krigen i Ukraina. Det vart samtidig klart at Ida Wolden Bache, som saman med Stoltenberg vart trekt fram som den sterkaste søkjaren til sentralbanksjefsstillinga, ville få jobben.
Wolden Bache har vore visesentralbanksjef under Øystein Olsen, og har fungert i stillinga sidan Olsen gjekk av 1. mars.
Ho blir no sjef for sentralbanken og leiar for Noregs Banks hovudstyre for ein åremålsperiode på seks år.
Publisert: 01.04.2022 14:49
Sist oppdatert: 01.04.2022 14:50