Kort fortalt

Yara tapte 291 millionar dollar før skatt

Fallande prisar påverkar kunstgjødselsselskapet i andre kvartal.

19.07.2023

– Resultatet for andre kvartal er påverka av den fallande pristrenden vi har sett så langt i 2023, som pressar marginane for heile bransjen. Prisveksten den siste tida tyder likevel på sterkare etterspurnad framover, seier konsernsjef Svein Tore Holsether i ei børsmelding.

Salsvolum for nitrogenindustrien i Europa auka i løpet av andre kvartal, og leveransar for sesongen i heilskap enda på same nivå som året før. Sett i samanheng med lagerbehaldningar overført frå førre sesong, indikerer dette auka applikasjon av gjødsel denne sesongen, forklarer selskapet.

– Yaras fleksible forretningsmodell har vist motstandsdyktigheita si gjennom ein marknad prega av stor prisvolatilitet og omstilling av leverandørkjedene våre. Eg er takksam overfor heile Yara-organisasjonen som held fram med å handtere den utfordrande marknadssituasjonen, samtidig som vi leverer på dei strategiske prioriteringane våre, seier Holsether.

(©NPK)

Publisert: 19.07.2023 11:59

Sist oppdatert: 19.07.2023 11:59

Mer om