Age Remoy Sea The Future 2026 foto
FOSNAVÅG: Åge Remøy var mellom fleire næringslivsleiarar som fortalde om sine erfaringar då studentar frå Ålesund og Trondheim var på konferanse i Fosnavåg. Foto: Sea the Future
Kort fortalt

Åge Remøy inspirerte studentar

– Motgang vil kome, påpeika reiaren.

Marius Rosbach
23.03.2026

Ein rekke studentar frå Trondheim og Ålesund var førre veke samla til rekrutteringskonferansen «Sea the Future». 

Mellom fleire personlege historier og tydelege råd, vert Åge Remøy sitt innlegg trekt fram  som spesielt inspirerande, ifølgje ei pressemelding frå arrangørane.

Herøy-reiaren har opplevd både opp- og nedturar og fortalde personleg om erfaringane. 

– Motgang vil kome. Det avgjerande er korleis du handterer den, og at du kjempar for det du trur på, var Remøy sitt bodskap til studentane. 

Det er tredje år arrangementet skjer, og i år segla studentane med Havila Kystruten frå Trondheim til Molde – der dei besøkte Brunvoll. 

Vidare gjekk turen til Ulstein Gtoup og Myklebust Verft, før alle deltakere ble samlet til hovudkonferansen i Fosnavåg torsdag. Reise og opphald er betalt av arrangørane.

«Sea the Future» er eit samarbeid mellom ein rekke maritime bedrifter, Herøy kommune og Thon-hotellet i Fosnavåg. 

Publisert: 23.03.2026 11:29

Sist oppdatert: 23.03.2026 11:29

Mer om