Torsdag 12. februar skal bedriftene konkurrere om studentane si merksemd på Næringslivsdagen 2026. Studentorganisasjonen Næringslivsutvalget på NTNU Ålesund har forlengst nådd taket på 35 bedrifter som får stille på stand.
Dette er det største studentdrivne rekrutteringarrangementet på Nordvestlandet. Heile vrimleområdet i hovudbygget på NTNU Ålesund - som går over to etasjar - blir brukt under arrangement.
Tidspunktet for når arrangementet har blitt fullteikna, har kome tidlegare og tidlegare dei siste åra. Det fortel Kyra Andrea Bjerke, som er prosjektleiar for Næringslivsdagen.
Møtast både dagtid og kveldstid
Interessa frå bedriftene er så stor at det ikkje hadde vore eit problem å ha med ein god del fleire. Likevel har Næringslivsutvalet vald å avgrense arrangementet til vrimleområdet for å få eit kompakt arrangement. Det gjer at bedriftene er sikre på å få vise seg fram for alle studentane som er innom.
Sjå oversikt over bedrifter som stiller på stand på Næringslivsdagen under
Næringslivsdagen er eit todelt arrangement, med bedrifter på stand om dagen, og middag, foredrag og underhaldning på Næringslivskvelden 2026 etterpå. Fleire av bedriftene som er med på dagtid, er også med der - og også kveldsarrangementet er utseld.
Mange arrangement
Om Næringslivsdagen er størst, er det langt frå det einaste rekrutteringsarrangementet der studentar og bedrifter møtes.
– Campus Ålesund blir omtalt som eit næringstett campus, og det samsvarer svært godt med vår erfaring. Som linjeforeining opplever vi at næringslivet i regionen både er tilgjengeleg og aktivt oppsøker studentmiljøa, særleg innan ingeniørfag, maritime fag og teknologi, skriv styreleiar Mathilde Hjelmeland i linjeforeininga Archimedes, i ein e-post til Nett No.
Archimedes er for studentar som studerer fornybar energi, mekatronikk, automatisering, produktdesign og til skipsingeniør ved NTNU Ålesund.
Saman med to andre linjeforeiningar, Syntax og Aqua Tecta, arrangerer Archimedes Ingeniørenes Karrieredag.

Det skjer langt på veg etter same lest som Næringslivsdagen, med bedrifter på stand for å møte studentar og knytte kontakt med potensielle framtidige arbeidstakarar. Sidan 2022 har Ingeniørenes Karrieredag blitt arrangert to gangar i året.
– Responsen er svært god frå begge sider, og karrieredagen har etablert seg som ein naturleg arena for rekruttering. For mange bedrifter er dette første steg før ein målretta dialog, som bedriftspresentasjonar eller bedriftsbesøk, skriv Hjelmeland.
Vil ha fleire bedrifter
Nautikkstudentane si linjeforeining, Sekstanten, arrangerer eitt til tre skipsbesøk, bedriftsbesøk eller fagdagar i løpet av eitt semester.
Styreleiar Frantz Michael Dueland i Sekstanten fotel om positive bedrifter, men at det som oftast er studentane som tek kontakt.
– Noe vi skulle ønske fremover er absolutt at flere bedrifter og rederier kontakter oss, skriv han i ein e-post til Nett No.
Ny maritim møteplass
Saman med linjeforeininga for biologiske fag (Symbiosen) og Ålesund Sentrumsforening arrangerer Sekstanten også Bluestream 2026 i Ålesund 18. og 19. mars. Det er ein del av Ålesund Sjømatfestival.
Målet er å få med og vist fram mangfaldet i jobbar i alle bedrifter som driv verksemd på eller knytt til sjøen, frå reiarlag og oppdrettsselskap, til fiskeriselskap og sjømatindustri.
I fjor deltok 26 bedrifter. I år er målet at det blir fleire.
Bluestream blir arrangert for andre gang i år, og dagleg leiar Lisa Mari Sæther i Ålesund Sentrumsforening seier ho rekna med at det tek tre til fem år å innarbeid eit slikt arrangement.
– Dei (bedriftene, red. merk) er veldig positive. Dei vil gjerne, men eg trur det også for dei kan vere utfordrande å finne arrangement som passar, seier Sæther.
Fleire møteplassar
Studentane arranger også møteplassar mellom studentar og næringsliv i mindre omfattande former enn heile dagar med fleire titals bedrifter på stand.
Då Børsen, linjeforeininga for økonomi og marknadsføring-studentane ved NTNU i Ålesund, inviterte til kveldsarrangement i studenthuset Sundebygget i fjor haust, var det fullt hus i lokalet for å høyre presentasjonar fra BDO, Trainee Sunnmøre og Nordea.
– Berre positiv, seier leiar for Børsen, Faris Gonilovic, om responsen når studentforeininga spør bedrifter stille og presentere seg for studentane.
For Trainee Sunnmøre stilte Trym Bjørnsen frå Kongsberg Maritime og Mia Pugsley frå Vard for å snakke om sine erfaringar med traineeordinga begge deltek i.
Traineeordninga er eit rekrutteringstiltak der studentar kan starte arbeidskarrieren i ei bedrift der dei er innom fleire ulike oppgåver i traineeperioda, kombinert med faglege og sosial samlingar.
Å delta på slike arrangement, saman med bruk av sosiale media er måten traineeordninga blir marknadsført på fortel prosjektleiar Christine Skarbø Nilsen i The Assesment Company.
Ho driv ordninga på oppdrag frå Næringsforeinga i Ålesund-regionen og har stor tru på å stille med folk som sjølv er er traineear i møte med studentane.
– Eg trur det er ein stor fordel, seier ho.
Sjå oversikt over bedrifter som stiller på stand på Næringslivsdagen under
| Desse bedriftene deltek på Næringslivsdagen |
| Adecco |
| Aider |
| BDO |
| Brimer |
| Brunvoll |
| Cedra |
| DNB |
| EY |
| Glamox |
| Hofseth |
| Kongsberg Maritime |
| Manpower |
| Maritime Partner |
| Mmc First Process |
| Mowi |
| Neuver Maritime |
| Nordic Wildfish |
| Norwind Offshore |
| Ode |
| Pharma Marine |
| Rem Offshore |
| Salmon Evolution |
| Solstad Offshore |
| Solwr |
| Sparebanken Møre |
| Sparebanken Norge |
| Sperre Industri |
| Survitech |
| Tafjord |
| TELL |
| The Qrill Company |
| Tidewater |
| Trainee Salten |
| Ulstein Group |
| Vard |
Publisert: 07.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 11.02.2026 12:17






