Kort fortalt

Ålesund ber om stans i kommunedeling

Får ingen garanti frå regjeringa.

03.01.2023

(NPK-NTB): Ålesund vil halde fram med å vere storkommune og ber Stortinget stanse oppdelinga av kommunen.

Kommunen ønskjer ikkje at Haram skal gå tilbake til å vere eigen kommune. Det er klart etter eit møte i formannskapet tysdag, melder VG.

Årsaka er at regjeringa ikkje kan garantere at alle kostnader ved å dele opp kommunen blir dekka.

– Vi har ikkje noko anna val enn å søkje Stortinget om å stoppe prosessen. Det er fullstendig uansvarleg å gå vidare, sa MDGs Jarle Steffensen i debatten i formannskapet.

Senterpartiet stemde mot forslaget.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2023 14:05

Sist oppdatert: 03.01.2023 14:07

Mer om