Kort fortalt

Ålesund-eigd ferje i ulukke

Fleire skadd etter kollisjon ved Mosjøen.

20.05.2021

Éin person er frakta til sjukehus i luftambulanse etter at bilferja Kvitholm kolliderte med ein båt til kai i Mosjøen.

Ferja er eigd av Ålesund-selskapet Sjøtind, ifølgje Sunnmørsposten.

Ferja blei skadd i baugporten, medan den andre båten fekk hol i skroget over vasskanten. Bilferja har lagt til kai, og det er ikkje fare for ytterlegare skadar eller konsekvensar av kollisjonen, skriv politiet.

Publisert: 20.05.2021 17:04

Sist oppdatert: 20.05.2021 17:05

Mer om