Kort fortalt

Ålesund får 200 mill. til skilsmisse

Avklring frå regjeringa om kommunedeling.

10.02.2023
(NPK-NTB): Ålesund får ønsket sitt oppfylt og får eit millionbeløp i kompensasjon frå regjeringa for å dekkje kostnadene dei fekk med kommuneoppdeling.

– Etter å ha vurdert søknaden frå Ålesund, er konklusjonen at kommunen får kompensert 200 millionar kroner for kostnader ved deling, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i ei pressemelding fredag.

Samtidig lovar han at dei tvangssamanslåtte fylkeskommunane vil få svar på søknadene sine snart. Ålesund må rapportere bruken av pengane til regjeringa og få ei stadfesting frå ein revisor innan ein gitt frist.

– Det er vanleg med rapportering og etterkontroll ved utbetaling av midlar, slik at vi kan vere sikre på at midlane blir brukte i tråd med formålet for ordninga, seier Gjelsvik.

Departementet informerte 11. februar 2022 om at tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar vil få kompensert direkte delingskostnader gjennom ei søknadsbasert ordning.

Publisert: 10.02.2023 11:15

Sist oppdatert: 10.02.2023 11:17

Mer om