(NPK-NTB-NETT.NO) Bustadprisane steig med 3,6 prosent i januar viser januar-statistikken frå Eiendom Norge, som vart lagt fram onsdag morgon. Det skjer etter at prisane fall med 1 prosent i desember.
Korrigert for sesongvariasjonar steig bustadprisane med 0,6 prosent, opplyser Eiendom Norge i ei pressemelding.
Ålesund og regionen hadde sterkast sesongkorrigert prisutvikling med ei auke på 3,8 prosent.
Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 4.190.000 kroner ved utgangen av januar.
Det vart selt 8.156 bustader i Noreg i januar, noko som er 4,4 prosent færre enn i januar 2025. Totalt vart det lagt ut 8.490 bustader for sal i Noreg, noko som er 13,2 prosent fleire enn i same månad i 2025.
Publisert: 04.02.2026 13:18
Sist oppdatert: 04.02.2026 13:18





