Tromsø, Hamar og Ålesund-regionane toppa prisveksten for bustader i november i følgje ferske tal for Eiendom Norge.
Veksten for bustadene i Ålesund låg på 2,4 prosent.
Bustadprisane på landsbasis sank med 0,2 prosent i månaden, og korrigert for sesongvariasjonar var det ein vekst på 0,7 prosent.
Bustadmarknaden har i 2025 vore prega av store forskjellar med rekordstor brukt bustadomsetning og sterk prisvekst i delar av landet i kombinasjon med eit historisk lågt sal av nye bustader og bustadbygging, skriv bransjeorganisasjonen i ei melding.
Publisert: 03.12.2025 11:34
Sist oppdatert: 03.12.2025 11:34





