Kort fortalt

Ålesund-selskap aukar omsetninga

Selskapet Mur og Badservice bikka 10 millionar kroner i fjor.

11.05.2023

Abdelali Eledrissi Reyahi starta i 2012 selskapet Mur og Badservice i Ålesund. Lenge var innteninga lav, men har stige kraftig siste åra, frå 149.000 kroner i 2019, til 3,3 millionar i 2020, 8,8 millionar i 2021 og 10,3 millionar i fjor.

Selskapet driv med muring, pussing og flislegging, og hadde ved årsskiftet ti tilsette.

Eigenkapitalen er på 1,2 millionar kroner, og Reyahi kan for fjoråret ta eit utbyte på 450.000 kroner.

Mur og Badservice
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 10,3 8,8
Driftsresultat 1,4 0,5
Resultat før skatt 1,4 0,5

Publisert: 11.05.2023 10:30

Sist oppdatert: 11.05.2023 01:36