Kort fortalt

Ålesund, Sula og Giske følgjer nasjonale reglar

Avsluttar lokal koronaforskrift tysdag.

08.06.2021

(NPK-NTB): Ålesund og nabokommunane Sula og Giske vil frå midnatt natt til onsdag følgje dei nasjonale koronareglane .

Dei tre Møre og Romsdal-kommunane har over ein periode følgt ei lokal koronaforskrift på grunn av auka smitte.

Kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund understrekar likevel at innbyggjarane bør ha låg terskel for å teste seg dersom dei får symptom.

– Det er viktig at alle studentar som no kjem heim til kommunane, framleis tek koronaen på alvor: Det er viktig å ha låg terskel for å teste seg, særleg om du kjem frå ein kommune med høgt smittetrykk, seier Mestad i ei pressemelding.

Dei ber òg russen om å halde god avstand til kvarandre når russetida for alvor startar 8. juni. Ålesund kommune vil òg masseteste russen.

(©NPK)

Publisert: 08.06.2021 09:34

Sist oppdatert: 08.06.2021 09:36

Mer om