Kort fortalt

Ålesund-utbrot eit varsku

Professor håpar resten av landet vil lære.

27.04.2021

NPK-NTB: Etter éi helg med opne ølkraner opplevde Ålesund eit utbrot som førte til ny nedstenging. Eit varsku, meiner professor ved Institutt for samfunnsmedisin.

Kommuneoverlege Olav Mestad seier til VG at det var eit smitteutbrot knytt til ein utestad der fleire var til stades den første helga etter gjenopninga.

Ålesund stengde måndag ned kommunen igjen etter 48 smittetilfelle sidan onsdag, og seier situasjonen er meir dramatisk enn nokon gong før i pandemien.

Professor Steinar Westin ved NTNUs Institutt for samfunnsmedisin seier til VG at han håpar utbrotet vil påverke gjenopningstempoet i resten av landet.

– Dette er ein feil som er gjort gong på gong. Når smitten er på veg ned, tenkjer vi at no er det over, men så seier det bang og så slår det tilbake, seier Westin.

Publisert: 27.04.2021 07:21

Sist oppdatert: 27.04.2021 07:24