Kort fortalt

Ålesundar ferdig som Argentum-sjef

Investeringsselskap i hardt ver.

14.06.2022
(NPK-NTB): Ålesundaren Joachim Høegh-Krohn går av som sjef i det statlege investeringsselskapet Argentum og blir partnar i eit nystarta investeringsselskap.


Det opplyser det nystarta investeringsselskapet Idun Vesta og Argentum sjølv i pressemeldingar måndag. Høegh-Krohn blir partnar i Idun Vesta saman med Jan Olav Jørgensen og Bjørn Østbø.

Avgangen kjem kort tid etter at Argentum og leiinga hausta kritikk frå næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) etter avsløringar i Bergens Tidende. Avisa avdekte at Høegh-Krohn og nokre få tilsette har fått investere i dei same fonda som Argentum gjer. Det har skjedd gjennom selskapet Bradbenken Partner.

Denne ordninga stod for 16,7 millionar av 24,5 millionar kroner som Høegh-Krohn fekk i fjor. Høegh-Krohn har fått over 135 millionar kroner frå Argentum sidan 2006, ifølgje Bergens Tidende.

Vestre kalla investeringsordninga ein uting, og han konkluderte, etter først å ha bede styret endre avtalane, med å byte ut alle styremedlemmer med unntak av eitt.

– Stolt over resultata
– Eg er stolt over resultata til Argentum, der eg har vore i over 16 år. Det er ei tid for alt. Jan Olav Jørgensen og Bjørn Østbø er dyktige investorar med solide resultat. Eg ser fram til eit spennande samarbeid og å byggje og utvikle nye prosjekt i Idun Vesta, seier Høegh-Krohn i pressemeldinga.

I ei melding til Dagens Næringsliv opplyser kommunikasjonssjef Marius Parmann i Argentum at det er ei einsidig oppseiing frå Høegh-Krohn.

– Han har ingen avtale om sluttpakke eller etterlønn. Aksjane i Bradbenken Partner skal i samsvar med aksjonæravtalen seljast til Argentum til marknadspris. Verdsetjinga skjer på eit seinare tidspunkt knytt til når han fråtrer stillinga, skriv Parmann i ei melding til Dagens Næringsliv.

Vestre kasta styret
Vestre understreka at Argentum har levert gode resultat då han til slutt valde å kaste styret. Næringsdepartementet har fleire gonger oppmoda styret til å sjå på korleis Bradbenken-ordninga kunne avviklast eller endrast.

– Likevel er det slik at eg, etter ei heilskapleg vurdering der eg også har lagt vekt på handteringa i styret av Bradbenken-ordninga og dessutan moderasjon og openheit, ønskjer å gjere ei større endring i samansetninga i styret og bringe inn nye krefter, sa Vestre.

– Eg meiner at den samla ordninga verken verkar rimeleg eller er i tråd med moderasjonslinja denne regjeringa står for. Eg er heller ikkje fornøgd med den grada av openheit som er vist, seier Vestre.

Publisert: 14.06.2022 11:11

Sist oppdatert: 14.06.2022 11:14

Mer om