Kort fortalt

Ålesundar tapte søksmål om royalty

Lagmannsretten vil likevel gi millionbeløp.

22.02.2021

Frostating lagmannsrett meiner den ålesundsbaserte oppfinnaren Arthur Lyngøy ikkje har krav på royalty frå Leknes-selskapa Stim og ACD Farmaceuticals, melder Sunnmørsposten.

I Sunnmøre tingrett blei Lyngøy tilkjent sju millionar kroner, i tillegg til sakskostnader på ein million for dette.

Lagmannsretten meiner derimot han ikkje har krav på royalty for oppfinninga av «Supersmoltfeedonly», som han gjorde medan han var tilsett i fiskerikonsernet.

Retten slår likevel fast at Lyngøy er eineoppfinnar og at han har krav på tre millionar kroner ifølgje lova om arbeidstakaroppfinningar, skriv avisa. Partane må dekke eigne sakskostnader.

Publisert: 22.02.2021 11:40

Sist oppdatert: 23.02.2021 00:28

Mer om