Kort fortalt

Årets ressursar brukt opp

Earth Overshoot Day fell på 2. august i år.

Linn Antonie Vårdal Solheim
02.08.2023

Det viser utrekningane til organisasjonen Global Footprint Network, som kvart år reknar ut ein dato for den såkalla overforbruksdagen.

I fjor fall dagen på den 28. juli. For å nå FN sitt klimapanel sine mål om å redusere utsleppa på verdsbasis innen 2030, må Earth Overshoot Day flyttast tilbake med 19 dagar kvart år dei neste sju åra. Det skriv WWF i ei pressemelding.

– Det kan sjå ut som den negative utviklinga flatar ut noko. Kor mykje av dette som skuldast krevjande økonomiske tider eller bevisste tiltak for å redusere utslepp og stanse naturtap, er vanskeleg å seie. Det vi veit er at omstillinga til ein utsleppsfri og sirkulær økonomi går altfor sakte, og at farta må aukast betrakteleg dei neste åra om vi skal klare å nå både klima- og naturmåla, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond.

I følge WWF må også Noreg sitt fotavtrykk betydelig ned. Organisasjonen skriv at Noreg har det 26. høgste forbruket i verda målt per innbygger. Dersom alle i verda skulle hatt like høgt forbruk som nordmenn, ville vi trengt 3,6 jordklodar.

Publisert: 02.08.2023 16:26

Sist oppdatert: 02.08.2023 16:26

Mer om