Kort fortalt

Åt over 50 kilo kjøt kvar i fjor

Forbruket auka kraftig i Norge i fjor.

NPK
31.10.2022
(NPK): Kjøtforbruket auka kraftig i Noreg i fjor. Korona og endra matvanar er blant årsakene til at me åt over 50 kilo kjøt per person.

I snitt svarar kjøtforbruket til nesten ein halv kjøttdeigpakke, eller to wienerpølser kvar dag, skriv Nationen. Ifølgje rapporten Kjøttets tilstand frå Animalia auka kjøtforbruket med seks prosent i fjor. Det er forbruket av dei kraftfôrbaserte kjøtslaga svin og kylling som aukar mest, men forbruket av alle kjøtslag auka.

– Utviklinga i kjøtforbruket i 2021 må sjåast i lys av at dette var eit uvanleg år på grunn av koronasituasjonen. Det var fleire spesielle forhold dette året som kan ha påverka etevanane våre, heiter det i rapporten.

Raudt kjøt stod for 76 prosent av kjøtinntaket, medan kvitt kjøt aukar mest. Me åt 11,5 kilo fjørfekjøt kvar i fjor, og det er meir enn ei dobling på 20 år.

Kostrådet frå styresmaktene er at vi skal ete mindre kjøt, og spesielt raudt kjøt. Animalia meiner ein bør rekne reelt forbruk av kjøt i samband med råda.

– Tilrådinga i kostråda om eit inntak på maksimalt 500 gram raudt og bearbeidd raudt kjøt per veke, er gitt som tillaga vare, utan bein. Ifølgje Helsedirektoratet svarar det til det 700–750 gram rå vare, står det i rapporten.

(©NPK)

Publisert: 31.10.2022 11:26

Sist oppdatert: 31.10.2022 11:28

Mer om