Kort fortalt

Åtte prosent sjømatvekst i mai

Vekst utan hjelp av svak krone.

05.06.2024

NPK-NTB: Noreg eksporterte sjømat for 14 milliardar kroner i mai, ein auke på 8 prosent frå same månad i fjor. Veksten kjem av både auka volum og dyrare laks.

Veksten kjem trass i ein svak månad for torskeeksporten og styrkt kronekurs, opplyser Noregs sjømatråd.

– I mai styrkte den norske krona seg, og dermed var det ingen positiv valutaeffekt førre månad. Trass i det har verdien av den norske sjømateksporten aldri vore høgare i ein mai månad før. Sjølv om det er krevjande økonomiske tider for mange forbrukarar, er norsk sjømat framleis ei svært ettertrakta matvare, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.

Dei største eksportmarknadene var Danmark, Polen og USA. Størst verdivekst var det på eksporten til Spania. Den landa på 163 millionar kroner, 25 prosent opp frå same månad i 2023.

Det var vekst i både volum og verdi for lakseeksporten. Heile 82.662 tonn vart eksporterte for 10,1 milliardar kroner, ein auke på 8 prosent frå i fjor. Volumet voks samtidig 2 prosent.

Mai var ein historisk bra eksportmånad for auren. Det vart eksportert 5561 tonn for 587 millionar kroner, ein verdiauke på heile 65 prosent frå same månad i fjor. Volumveksten var på 83 prosent. Eksportverdien er rekordhøg, 20 millionar kroner høgare enn førre toppnotering i august 2023.

Torskeeksporten var svak i mai. 3023 tonn vart eksporterte for 189 millionar kroner, 22 prosent lågare enn i fjor. Volumet fall med 28 prosent.

Til no i år er det eksportert norsk sjømat for 68,5 milliardar kroner, 2 prosent meir enn i same periode i fjor.


Publisert: 05.06.2024 07:24

Sist oppdatert: 05.06.2024 07:24