Kort fortalt

Åtvarar mot elbil-moms

Elbilforeninga er uroleg for konsekvensane.

03.05.2021

Ap varslar elbil-moms frå årsskiftet viss dei tek regjeringsmakta. SV har vedteke det same. Det gjer Elbilforeininga bekymra.

I Aps ferske program blir det fast slått at partiet vil innføre meirverdiavgift på elbilar med eit frådrag på 600.000 kroner. Generalsekretær Christina Bu i Norsk Elbilforening åtvarar om konsekvensane.

– Då risikerer vi at Noreg ikkje når 2025-målet, seier ho til E24.

Stortinget har sett som mål at alt nybilsal skal vere nullutsleppsbilar frå 2025.

– Dette handlar om kor lenge staten skal subsidiere store og kostbare elbilar. Det har no komme svært mange elbilar i segmentet under 600.000 kroner, seier Svein Roald Hansen, avgiftspolitisk talsperson i Ap, til E24.

Sjølv om Ap ikkje datofestar momsinnføringa i programmet sitt, er Hansen klar på at partiet ønskjer seg avgiftsendringa «frå no». Om dei får bestemme blir det elbil-moms frå 2022.

– Ja, seier Hansen.

Publisert: 03.05.2021 07:44

Sist oppdatert: 03.05.2021 07:45