Kort fortalt

Åtvarar mot kronesmell

Norsk Industri trur krona vil stige med oljeprisen.

13.10.2016
(NPK-NTB): Den låge kronekursen har vore gunstig for norske industribedrifter og har hjelpt Noreg gjennom oljenedturen. Men no åtvarar Norsk Industri mot å tru at dette held fram.
– Når eg møter bedrifter, fortel mange meg at dei no satsar og investerer på bakgrunn av dagens kurs og at krona skal halde seg låg i årevis. Då prøver eg å vere tydeleg på at dagens kurs berre er til låns. Skulle oljeprisen igjen ta av, vil den nok ta med seg krona oppover, seier direktør for industripolitikk Knut Sunde til .
Den låge oljeprisen har ført til kutt og oppseiingar i oljenæringa, men samtidig har verdien av den norske krona falle. Det har vore særleg gunstig for eksportbedrifter som ikkje er knytt til oljen. No er derimot oljeprisen på veg opp igjen, og då styrkjer krona seg. Det får Norsk Industri til å åtvare mot å legge dagens kronekurs til grunn for langsiktig planlegging.
– Dagens nivå kan industrien leve godt med. Bedriftene har ulik smerteterskel for kronekursen, og mange av dei store bind valutaen i eitt eller to år for å unngå dei store svingingane. Likevel er det klart at ei svak krone verkar smørjande på omstillinga, seier Sunde i Norsk Industri. (©NPK)

Publisert: 13.10.2016 08:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44