Åtvarar mot ny type svindel
Fleire lurt av sms-ar.
(NPK-NTB): I helga har det vorte meldt to bedrageri til politiet i Innlandet. Svindlarane har tappa kontoane til dei fornærma for beløp over 100.000 kroner, opplyser politiet i Innlandet.
– Først fekk dei fornærma ein SMS om at Statens innkrevjingssentral skulle ha sendt dei ei melding i Digipost. Då dei trykkjer på lenkja får dei beskjed om at det er innloggingsproblem, men etter kort tid ringde ein person som gav seg ut for å vere frå Sparebank 1 Austlandet og ville vere behjelpeleg med å løyse problemet, seier operasjonsleiar Bård Einar Hoff i Innlandet politidistrikt til NTB.
Dei fornærma skal ha vorte lurt til å gi frå seg passord til nettbank. Deretter vart kontoane deira tappa for beløp i hundretusenkronersklassen, ifølgje Hoff.
Han seier det er første gong dei opplever nøyaktig denne framgangsmåten, men at mange andre har vorte utsett for liknande bedrageri.
– Det med lenkjer er gjennomgåande i mange bedrageri. Viss offentlege styresmakter eller banken har noko å kunngjere vil du bli bede om å logge deg inn på ordinær måte med BankID, konstaterer Hoff.
(©NPK)
Publisert: 31.10.2022 11:25
Sist oppdatert: 31.10.2022 11:26