NPK: Fleire aktørar etterlyser meir kunnskap før ein kan godkjenne kommersiell fiske av raudåte. Dei er bekymra for korleis det vil påverke det marine økosystemet og andre artar.
Denne veka opna fiskeriminister Harald T. Nesvik for at norske fartøy kan drive kommersiell hausting av raudåte. Han meiner vi har nok kunnskap til å starte slikt fiske, men det blir møtt med skepsis frå fleire hald.
Både WWF, Naturvernforbundet, Norsk Ornitologisk foreining, representantar frå SV på Stortinget og Norsk kystfiskarlag reagerer, og meiner vi veit for lite om konsekvensane, melder . Dei viser til føre var-prinsippet.
Verdsnaturfondet meiner kunnskapen om korleis eit fiske vil påverke dei andre artane er for mangelfull.
– Før vi kan opne for storskala industrifiske på raudåta, må vi vite kva fisket vil ha å seie for arten og ikkje minst for mange av dei andre artane i havet som har raudåta som matkjelde, seier Fredrik Myhre, som er marinbiolog og seniorrådgjevar i WWF, til Fiskeribladet.
Han påpeikar at om ein haustar lågare ned i næringskjeda så vil det potensielt påverke kva ein kan hauste lenger opp i kjeda. Ein konsekvens kan vere at ein må hauste mindre av artane som har raudåte som mat, ifølgje Myhre.
Noregs Mijøvernforbund fryktar at fisket kan føre til matmangel for fiskelarvane langs kysten, og ber fiskeriministeren stanse fisket.
Norsk Ornitologisk Forening er òg bekymra for korleis eit kommersielt fiske kan påverke sjøfuglane langs kysten, fordi raudåta er viktig mat for dei. Fleire sjøfuglarter er allereie utryddingstrua.

Publisert: 15.03.2019 10:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35