Kort fortalt

Åtvarar om ujamn økonomisk oppgang

OECD senkar vekstprognosane.

21.09.2021

(NPK-NTB-AFP): Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) åtvarar om ein ujamn økonomisk oppgang, og senkar dei globale vekstprognosane for 2021.

USA er blant landa som OECD senkar prognosane sine for, og går frå 6,9 til 6 prosent venta økonomisk oppgang i 2021.

For Europa, nærare bestemt eurosona, er OECD derimot meir håpefull, og prognosane aukar utsiktene for kontinentet ut året med 1 prosentpoeng til 5,3 prosent økonomisk vekst.

Prognosane for Kina, den nest største økonomien i verda, ligg uendra på 8,5 prosent.

Verdsøkonomien har kara seg tilbake i år etter store krisepakkar, effektiv vaksinasjon mot koronaviruset og gjenopptakinga av mange økonomiske aktivitetar etter at dei vart stoppa av pandemien, meiner OECD.

– Den økonomiske oppgangen held fram med å vere veldig ujamn, med store forskjellar frå land til land, skriv organisasjonen.

Den globale veksten er venta å auke med 5,7 prosent i år, 0,1 prosentpoeng mindre enn den førre prognosen i mai.

For 2022 har derimot OECD auka prognosen sin med 0,1 prosentpoeng, og trur på ein vekst på 4,5 prosent neste år.

(©NPK)

Publisert: 21.09.2021 14:03

Sist oppdatert: 21.09.2021 14:05

Mer om