Kort fortalt

Åtvarer mot tregt grønt skifte

Sentralbanksjefen meiner vi risikerer meir kostbare tiltak seinare.

17.02.2023
(NPK-NTB): Får vi ikkje fart på overgangen til ein lågutsleppsøkonomi, vil det kunne koste oss dyrt, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

– Viss vi ikkje lykkast med å få fortgang i den grøne omstillinga, risikerer vi at det blir behov for endå meir kostbare tiltak seinare, seier Ida Wolden Bache til NTB.

I årstalen sin torsdag kveld åtvarar ho mot at det går for sakte med å sende verdsøkonomien gjennom «ein helt nødvendig omstilling» mot ein lågutsleppsøkonomi.

– Signala om at omstillinga hastar, blir stadig fleire. Hetebølgjer, flaum og tørkeperiodar aukar både i talet på og i styrke, sa Bache.

Ho påpeikar at styresmaktene har fleire verkemiddel å bruke for å oppmode omstillinga, og framhevar spesielt prising av utslepp, som ho meiner gir ein klar om «kva vi skal gjere mindre av og kva vi trenger meir av».

Utbygging av meir fornybar energi og meir energieffektive løysingar, kjem mellom anna av at klimagassutslepp blir stadig dyrare, poengterer ho.

– For kvart år vi sakkar akterut, aukar også sjansane for at det blir nødvendig med kraftigare og meir kostbare tiltak i framtida, påpeika Bache i årstalen.

Men overgangen vil ikkje skje saumlaust og utan at det vil merkast økonomisk. Pengepolitikken viktigaste bidrag er derfor å sørgje for stabil og låg inflasjon, for å bidra til tryggleik for investorane, ifølgje Bache.

– Det siste året har vi sett variasjonar i straumprisane som mellom anna kjem av at tilgangen på rein energi ikkje blir bygd opp like raskt som bruk av fossil energi blir fasa ut. Slike utslag i prisane kan vi komme til å sjå meir av framover. Vi må også vere førebudde på at enkelte prisar i ein overgangsperiode kan liggje høgare ein der dei vil liggje på sikt, sa ho.

(©NPK)

Publisert: 17.02.2023 08:21

Sist oppdatert: 17.02.2023 08:31

Mer om