Kort fortalt

Éin av fem har sårbar økonomi

Likevel hadde mange ein romslegare økonomi i fjor.

03.05.2023

(NPK-NTB): Kvar femte nordmann hadde i fjor ikkje råd til ei større uventa utgift, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Éin av fem svarte at dei ikkje kunne klare ei uventa utgift på 20.000 kroner gjennom ein månad utan å måtte ta opp ekstra lån, selje eigedelar eller få hjelp frå andre. Dette utgjer om lag 900.000 nordmenn, seier SSB-rådgivar Håvard Bergesen Dalen.

Likevel hadde mange ein romslegare økonomi i fjor som følgje av oppsparte midlar under pandemien – dette trass i aukande prisar og rentenivå.

– I underkant av 7 prosent rapporterte at dei hadde vanskeleg for å få endane til å møtast i 2022, ein del som har vore relativt stabil sidan den første målinga i 2011, seier Bergesen Dalen.

13 prosent av personar i låginntektshushald oppgav at dei i minst eitt tilfelle det siste året ikkje har klart å betale rekningar for husleige, straum eller andre løpande utgifter. Andelen var 20 prosent blant barnefamiliar med låg inntekt.

Folk får samtidig stadig dårlegare råd til forbruksgode. I fjor oppgav 18 prosent at dei ikkje hadde råd til minst eitt materielt gode, ein auke frå 16 prosent året før. Det vanlegaste var å ikkje ha råd til å byte ut utslitne møblar (10 prosent), bil (6 prosent), eller gå til tannlege eller erstatte utslitne klede (5 prosent).

(©NPK)

Publisert: 03.05.2023 10:54

Sist oppdatert: 03.05.2023 10:54

Mer om