Kort fortalt

Éin av fire nordmenn utan kredittkort

«Alle andre» har gjeld på 154 milliardar.

22.11.2021

(NPK-NTB): 1.088.295 vaksne eig ikkje kredittkort. «Alle andre» har 154 milliardar kroner i samla kredittgjeld.

Kjendisøkonom Hallgeir Kvadsheim meiner talet på kredittkortlause vaksne er høgt.

– Freistinga er jo stor for å bruke pengar du ikkje har med kort som dette, og viss du slit med låg impulskontroll så kan det vere greitt å ikkje ha det, seier Kvadsheim til P4.

Gjeldsregisteret viser at dei nær 3,2 millionar nordmenn som eig kredittkort, har totalt 154 milliardar kroner i usikra gjeld. Registeret vart innført i 2019.

(©NPK)

Publisert: 22.11.2021 08:20

Sist oppdatert: 22.11.2021 08:22

Mer om