Kort fortalt

Éin av tre vil kutte feriereiser

Må spare pengar.

20.10.2022

I ei undersøking oppgir éin av tre som har svart, at dei vil kutte feriereiser på grunn av den økonomiske situasjonen.

35 prosent svarer ja når dei blir spurde om den økonomiske situasjonen med stigande renter, galopperande straum- og drivstoffprisar og auka utgifter vil føre til at dei reiser mindre, skriv Flysmart24.

Undersøkinga er gjort av meiningsmålingsinstituttet Opinion på vegner av Finn Reise.

Terje Berge i Finn Reise seier funna stemmer godt med kva dei ser blant brukarane av deira tenester.

– Vi ser at det skjer eit omfattande reisesøk på nettsidene våre. Mange er nok ute etter å finne dei heilt billige billettane. Nær éin av fem, 17 prosent, seier dei vil velje destinasjonar med dei lågaste kostnadene seier Berge.

Publisert: 20.10.2022 12:12

Sist oppdatert: 20.10.2022 12:13

Mer om