Kort fortalt

Økokrim: 80 koronasvindel-saker

Kriminelle utnyttar systemet.

02.12.2021

Økokrim har registrert 80 koronasvindel-saker hos norsk politi. Organiserte kriminelle har særleg utnytta Navs lønnskompensasjonsordning.

– Politiet har per i dag registrert cirka 80 sakskompleks som gjeld bedrageri mot koronastøtteordningar. I desse sakskompleksa ligg det fort fleire saker, og det er gjerne fleire personar som er mistenkte eller sikta i kvar sak, seier førstestatsadvokat Petter Nordeng i Økokrim til E24.

– Så det vil fort kunne vere fleire hundre mistenkte og sikta i desse sakene samla sett, seier han.

Hovudtyngda av sakene ligg hos Oslo politidistrikt, medan mellom fem og ti saker blir etterforska av Aust politidistrikt.

Økokrim seier dei ser fleire samband til organisert kriminalitet, særleg i saker som gjeld bedrageri mot Navs lønnskompensasjonsordning

Publisert: 02.12.2021 09:43

Sist oppdatert: 02.12.2021 09:44

Mer om