Økokrim: Finnes-avgjerd «i løpet av hausten»
(NPK-NTB): Økokrim-sjef Pål Lønseth opplyser at dei i haust vil vurdere om det er grunnlag for å opne etterforsking av aksjehandelen til Sindre Finnes.
Det er Bergens Tidende som tysdag har spurt Økokrim om det er teke ut sikting i saka. Dette er dagen då Finnes gjorde sitt siste kjøp av aksjar i Nordic Mining for ti år sidan – og dette er derfor foreldingsfristen.
Foreldingsfristen gjeld ikkje dersom nokon blir sikta.
Lønseth svarer ikkje konkret på spørsmålet om sikting, men skriv dette:
– Økokrim vil i løpet av hausten vurdere om det er grunnlag for å opne etterforsking. Vi vil kunngjere offentlegheita ei avgjerd når ho ligg føre. Vi har ingen ytterlegare kommentarar.
(©NPK)
Publisert: 03.10.2023 14:08
Sist oppdatert: 03.10.2023 14:08