NPK-NTB: Det viser ei måling Respons Analyse har gjort på oppdrag for VG og Aftenposten.
Eit landsrepresentativt utval på 1293 personar som har førehandsrøysta mellom 3. og 6. september, vart spurde: – Kva sak var den viktigaste for deg då du røyste ved stortingsvalet i år?
17 prosent svarte sosiale skilnader i samfunnet, 11 prosent svarte skattar og avgifter, 9 prosent svarte økonomi og næringsliv.
– Dette valet vil i større grad enn vi har vore vande til, handla om eiga lommebok, seier forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) Johannes Bergh til VG.
Ifølgje Bergh var innvandring den store saka i 2017, medan stortingsvalet i 2021 handla mykje om klima.
Etter økonomisakene følgde i år miljø og klima, som var viktigast for 7 prosent, og deretter helse, som 6 prosent var mest opptekne av. For 6 prosent var innvandring og integrering det viktigaste.
Publisert: 08.09.2025 20:50
Sist oppdatert: 08.09.2025 20:50





