Ørsta heidrar Fora Form
Tildelt næringsprisen 2023.
Fora Form får Ørsta kommune sin næringspris for 2023. Det avgjorde formannskapet i Ørsta tysdag, ifølgje ei melding frå kommunen.
Prisen blir delt ut på kommunestyremøte 14. desember 2023.
Fora Form er ei bedrift med over 90 år lang historie i Ørsta, og er framleis ei hjørnesteinsbedrift i kommunen.
– Fora Form har halde fast på ein strategi med satsing på møblar til offentlege rom og bedriftsmarknaden – og med ei kompromisslaus satsing på god design, innovasjon og kvalitet. I denne markanden har Fora Form vorte ei føregangsbedrift, heiter det i meldinga.
Møbelprodusenten er også den bedrifta som har vunne flest designprisar her til lands, uansett bransje.
Publisert: 15.11.2023 14:39
Sist oppdatert: 15.11.2023 14:39