Over halvparten i minus i møbel
Tøft for møbelindustrien etter korona. Sjå resultatoversikt.
NETT NO-barometeret:
11 av 20 møbelprodusentar i NETT NO si resultatoversikt gjekk med underskot i 2022.
Sjå tabell under saka
I 2021 var det berre to av selskapa som dreiv i minus.
I 2019 hadde bedriftene som er med i resultatoversikta samla sett ein resultatmargin på omlag tre prosent. I 2021 var den oppe i 7,4 prosent, men i fjor var den attende på 2019-nivået igjen. Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene.
- Under vignetten NETT NO-barometeret, ser vi på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet. Dette er femte artikkel.
Møbelboom
Smitteverntiltaka mot koronapandemien i 2020 og 2021 gjorde at folk held seg heime og mellom anna brukte pengar på nye møblar i staden for på feriereiser til utlandet. Det skapte ein boom både i møbelbutikkane og møbelfabrikkane.
Tala viser at møbelprodusentane hadde ein lønsam vekst fram til og med 2021, men i fjor snudde det - etter at koronatiltaka var over.
– I fjor skifta marknaden frå å vere den beste på frykteleg mange år. Det skjedde i fjor vår. Kundane byrja å reise til utlandet og bruke pengar på andre ting enn møbelkjøp, seier bransjesjef Egil Sundet for design- og tekoindustrien i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri til NETT NO.
Designindustrien omfattar også møbelprodusentane.
Kutta kostnadar for seint
Møbelboomen gjorde at bransjen - med Ekornes-konsernet i spissen - tilsette fleire folk for å klare å produsere nok. Problemet var å få tak i nok, og Ekornes tilbaud eiga språkopplæring til folk som korkje kunne norsk eller engelsk.
I første halvår i år gjekk Ekornes-konsernet med underskot og har sagt opp folk.
Då marknaden snudde og etterspørselen fall greidde bedriftene ikkje å kutte kostnadar i same fart. Dermed blei det mange minusresultat i fjor, som resultatoversikta viser.
Den labre etterspørselen etter møblar held seg ut over våren i år, men både juli og dei første vekene i august har vore betre enn venta, seier Sundet.
– Litt oppløfta, seier han om stemninga hos møbelprodusentane nett no. Det er stor uvisse knytt til renteutviklinga og konsekvensane av den,. Men slik Sundet vurderer det, trur han færre bedrifter vil gå med underskot i år enn i 2022.
Eksportvekst
Under koronapandemien auka også eksporten av norskproduserte møblar.
Den veksten har halde seg opp fram til no. I juli var den opp 13 prosent samanlikna med juli 2022.
Sundet meiner det er fleire faktorar som forklarer eksportveksten:
- Resultatet av eit langvarig arbeid frå fleire bedrifter for å auke eksporten byrja å vise seg i 2019.
- Under koronapandemien vart det krøll i forsyningslinene. Produsentar i Asia fekk vanskar med å levere til vestlege land, medan norske bedrifter greidde det. Dermed tok dei ein større andel av marknaden i utlandet.
- No er det svak norsk krone som gir drahjelp i eksportarbeidet. Den gjer norske møblar meir konkurransedyktige på pris takka vere ein gunstig vekslingskurs, sett frå eksportørane si side.
Les årets resultatsaker frå møbelprodusentane under tabellen
Møbelprodusentane på Nordvestlandet | ||||
Tal i mill. kroner | ||||
K=Konsern | ||||
Driftsinntekt | Res. f. skatt | |||
2022 | 2021 | 2022 | 2021 | |
Ekornes QM Holding as (K) | 4928,2 | 4317,9 | 165,1 | 338,1 |
Slettvoll Møbler as (K) | 421,6 | 406,7 | 44,9 | 54,8 |
Wonderland | 321,2 | 363,1 | -2,4 | 12,2 |
Fora Form as | 169,1 | 163,6 | 1,2 | 13,6 |
Brunstad (K) | 150,2 | 154,5 | -2,0 | 6,2 |
Langlo as | 117,1 | 106,8 | 0,1 | 3,6 |
Helland Møbler as | 87,0 | 81,5 | 2,8 | -1,0 |
L K Hjelle Møbelfabrikk as | 55,3 | 53,4 | -0,7 | 2,3 |
Formfin as | 49,5 | 66,2 | -3,0 | 3,3 |
Stordal Møbel as | 47,8 | 53,4 | -4,2 | 0,3 |
Hovden Møbler as | 42,4 | 38,9 | -0,3 | 2,0 |
Vad as | 20,1 | 22,9 | -1,2 | 2,4 |
Fjordfiesta Furniture as | 16,9 | 18,1 | 0,3 | 0,9 |
Rovde Møbel & Design as | 15,6 | 13,2 | 0,1 | 0,1 |
Nesje as | 14,7 | 11,8 | -1,5 | -1,8 |
Sitwell as | 12,2 | 14,9 | -1,2 | 0,0 |
Tonning & Stryn | 11,0 | 12,1 | -0,5 | 0,3 |
Stjernemadrassen | 8,4 | 9,2 | -0,2 | 1,1 |
Feel Free Production | 7,4 | 6,3 | 0,1 | 0,1 |
Jarnes Møbler as | 4,0 | 2,9 | 0,2 | 0,0 |
6499,7 | 5917,4 | 197,6 | 438,5 |
Resultatsaker frå møbelprodusentane:
Publisert: 02.09.2023 05:00
Sist oppdatert: 02.09.2023 18:15