Ny jobb

Amalie Frøystad Nærø

Herøyværing skal leie nyheitssatsinga til E24.

02.06.2021
Amalie Frøystad Nærø portrett

Amalie Frøystad Nærø er tilsett som nyheitssjef i næringslivsavisa E24, ifølgje Journalisten.

28-åringen som kjem frå Herøy, starta å jobbe i nettavisa i januar 2020 og har vikariert i stillinga som nyheitssjef i eit halvår,

– Amalie er ein drivande dyktig «breakingleiar». Ho er ein unik kombinasjon av løpande og undersøkande erfaring, som gjer ho godt rusta til å leie dei flinke «breakingreportarane» våre på ein trygg måte frå dag til dag, uttalar Nyhetsredaktør Mina Liavik Karlsen i E24 i ei pressemelding.

Nærø har tidlegare jobba i VG, der ho mellom anna vann Skup-prisen for arbeidet med «Barnevernsmilliardene» i 2017. Hun har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda, og erfaring frå NRK og Tønsbergs Blad.

Publisert: 02.06.2021 16:48

Sist oppdatert: 15.06.2021 00:10

Mer om