Ny jobb

Anders Norvald Hammer

Blir kommunedirektør for Haram.

23.09.2022
Anders

Eit einstemmig kommuneutval Haram har tilsatt Anders Norvald Hammer som kommunedirektør for Haram 2024. Det opplyser Ålesund kommune i ei melding.

44-åringen vil være prosjektleiar for Haram 2024, og kommunedirektør for Haram frå starten av 2024.
Hammer vil byrje i jobben etter avtale, og har oppseiingstid i den noverande stillinga si som kommunedirektør i Sande kommune.'

– Hammer har god erfaring frå kommune og stat, og tar med seg dette inn i planlegging av ei heilt ny kommune. Erfaring frå NAV er særs verdifull, og vil ha stor tyding for tenestene og kvalitet på desse til fordel for innbyggarane, uttaler Siv Katrin Ulla, som er leiar både for rekrutteringsutvalet og for kommuneutval Haram.

Sju personar søkte stillinga som kommunedirektør og Hammer var ein av to søkarar som var unntatt innsyn.

Publisert: 23.09.2022 13:16

Sist oppdatert: 23.09.2022 14:50

Mer om