Ny jobb

André Nevstad

Gjer comeback som rådgjevar i Sparebanken Møre.

03.09.2021
Andre Nevstad portrett

André Nevstad er tilsett som finansiell rådgjevar på personmarknaden ved Sparebanken Møre i Ulstein.

Han er heimkomen til Ulsteinvik og Sparebanken Møre etter ein periode som dagleg leiar og sportssjef i Mjøndalen.

– Eg likte meg veldig godt her før eg reiste til Austlandet, og det er kjekt å vere tilbake i Sparebanken Møre. Eit fantastisk lag - og eg gler meg til å jobbe inn mot nye og gamler kundar, seier han i ei melding frå banken.

Han vil ha eit særskilt ansvar innan den viktige rolla banken har som lokal støttespelar og sponsor for idrett, kultur og skaparglede.

Publisert: 03.09.2021 14:43

Sist oppdatert: 03.09.2021 14:44

Mer om