Anne Mette Liavaag
Er ny assisterande kommunedirektør i Ålesund kommune.
– Eg er veldig glad for at Anne Mette har takka ja til jobben. Ho har lang erfaring som leiar og frå kommunal sektor, og vi får ein god assisterande kommunedirektør som kjenne organisasjonen. Eg gleder meg til ho skal ta fatt på oppgåvene med å leie Ålesund kommune inn i framtida saman med meg og den nye leiargruppa, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal, i ei pressemelding.
Anne Mette Liavaag (57) kjem frå stillinga som kommunalsjef for organisasjon. Ho startar opp i jobben som assisterande kommunedirektør allereie onsdag 15. juni, og vil inntil vidare kombinere dei to stillingane.
Før stillinga som kommunalsjef for organisasjon var ho stabssjef for strategi, samfunn og næringsutvikling i Ålesund kommune. Liavaag har tidlegare vore kommunalsjef for helse og omsorg i Ålesund kommune og strategi- og utviklingssjef. Ho har óg vore rådgivar/prosjektleiar i Sunnmøre Regionråd og har elles arbeidd i mange år i Diabetesforbundet der ho var forbundsleiar i 6 år. Liavaag var og avdelingsleiar i Brisk kompetansesenter i 2 år.
Publisert: 15.06.2022 11:59
Sist oppdatert: 15.06.2022 12:00