Anne-Stine Meland
Startar i ny prosjektstilling i Måløy Vekst.
Anne-Stine Meland er tilsett som fasilitator for kompetanseutvikling hos Måløy Vekst og startar i jobben i tidleg i september.
Dette er ei nyoppretta stilling i forbindelse med prosjektet «Studiesenter Kysten» med formål om å utvikle og koordinere desentraliserte utdanningsmoglegheiter nettopp i Måløy.
– Eg gler meg og har store forventningar til å jobbe i lag med denne kjekke og kompetente gjengen, både i Studiesenter Kysten og Måløy Vekst. Det er eit veldig spennande og viktig prosjekt som er i gjenge, og eg kjenner meg heldig som får høve til å vere med på noko slikt, uttaler ho i ei melding.
44-åringen kjem frå Måløy, og tek med seg mykje erfaring frå skuleverket med seg inn i den nye stillinga. Ho har også ein mastergrad frå NTNU i tverrfaglege kulturstudier.
Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger.
Publisert: 28.08.2023 09:11
Sist oppdatert: 28.08.2023 09:22