Ny jobb

Christian Frøystad Voldsund

Har starta som systemansvarleg for IT i Teige Gruppen.

05.09.2023
Christian Frøystad Voldsund portrett

Christian Frøystad Voldsund er tilsett som systemansvarleg for IT i Teige Gruppen og tok til i stillinga 1. september.

Voldsund kjem frå stillinga som project-/support manager i Metizoft, og har i mange år jobba med IT-prosessar og prosjektstyring. Hos Teige Gruppen vil arbeidsområdet primært vere støtte, utvikling og drift av IKT-porteføljen.

– Vi trur at teknologi er nøkkelen for meir effektiv rasjonell drift og optimalisering av vareflyt. Vi er svært glade og takksame for å ha fått Christian med på laget, og han vil definitivt tilføre oss solid kompetanse og meirverdi, uttaler konsernsjef Sigurd Teige i Teige Gruppen.

Voldsund trivest godt med å vere på plass på Westing-huset og gler seg til å ta fatt på nye og spennande utfordringar.

Publisert: 05.09.2023 06:48

Sist oppdatert: 05.09.2023 06:49

Mer om