Ny jobb

Eirik Marius Folgerø

Ny banksjef i Sparebanken Møre.

12.04.2023
Eirik Marius Folgerø portrett

Eirik Marius Folgerø er tilsett som ny banksjef for personmarknad ved Sparebanken Møre i Ørsta. Det opplyser banken i ei pressemelding.

Folgerø er frå Oslo og har kring 20 års erfaring frå finans. No kjem han frå ei banksjefstilling i Nordea. Han har flytta til Hovdebygda i lag med sambuar med Kristine Holsvik og tre born.

– Marius har solid bank- og leiarerfaring. Dei siste åra har han arbeida sentralt med leiinga i Nordea. Marius er marknadsorientert og proaktiv, og dette er kvalitetar som er viktige i eit område der Sparebanken Møre har klare vekstambisjonar i åra framover, uttaler Elisabeth Blomvik som er leiar for personmarknad i Sparebanken Møre.

Folgerø tar over rolla som banksjef i Ørsta etter Mette Ryste som i ei periode har leia både kontoret i Volda og kontoret i Ørsta. Ryste held fram som banksjef for avdelinga i Volda.

Publisert: 12.04.2023 16:24

Sist oppdatert: 12.04.2023 16:24

Mer om