Ny jobb
Eli Førde Aarskog
Eli Førde Aarskog ny dagleg leiar i Sagastad.
Administrator
11.02.2021
Eli Førde Aarskog er tilsett som ny dagleg leiar for Sagastad på Nordfjordeid, kunnskapssenter om vikingtida med Myklebustskipet som hovudattraksjon.
Førde Aarskog har lang røynsle frå leiande stillingar i reiselivet, mellom anna som vertskap for Nordfjord Hotell 1982-2017, marknadssjef i Seawalk Nordfjord og mange styreverv.
Eli Førde Aarskog vil vere på plass som dagleg leiar for fullt frå april 2020, men vil vere tilgjengeleg for oppgåver for Sagastad også før dette. Ho er i dag tilknytt Seawalk Nordfjord AS som marknadssjef i ei mindre stilling, samt at ho er styreleiar for Norsk Fjordhestsenter. Ho kjem til å halde fram i begge desse rollene.
Publisert: 11.02.2021 09:03
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03