Ny jobb

Elisabeth Nytun Fredriksen

Ny seniorrådgjevar for næringslivet på søre Sunnmøre.

03.09.2021
Elisabeth Nytun Fredriksen portrett

Elisabeth Nytun Fredriksen er tilsett som seniorrådgjevar i Sparebanken Møre i Ulsteinvik.

Ho skal jobbe med næringslivskundane på søre Sunnmøre og kjem frå stillinga som rekneskapssjef i Ulstein Verft. Ho har tidlegare erfaring med revisjon i Arthur Andersen.

– Eg gler meg over å få vere ein del av eit særs dyktig næringslivsteam her på Søre Sunnmøre/Nordfjord, med svært mange spennande kundar i regionen, seier ho i ei melding frå banken.

Publisert: 03.09.2021 14:44

Sist oppdatert: 03.09.2021 14:46