Gerd-Mette Vatne Drabløs
Er ny studiedirektør ved Høgskulen i Volda.
– Høgskulen i Volda er eit vitalt og attraktivt tilbod ut i distriktet, med ei heilt unik plassering. Dette er ein kompetanseinstitusjon som har lange tradisjonar, og som har framtida føre seg. Det ligg veldig godt til rette for å utvikle HVO vidare, seier Gerd-Mette Vatne Drabløs i ei pressemelding
Vatne Drabløs tok til i stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda (HVO) måndag 20. februar og skal ha det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene ved HVO, evaluere studietilboda, utarbeide statistikkar og analysegrunnlag som avdelingane vidare skal bruke i sitt kvalitetsarbeid.
– Eg gler meg til å arbeide med og løfte fram høgskulen og studietilboda på fleire måtar, seier Vatne Drabløs.
Publisert: 23.02.2023 02:57
Sist oppdatert: 24.02.2023 09:27