
Gitte Langlo har starta i ny jobb i Sporstøl Arkitekter, opplyser selskapet i ei pressemelding. Hun har samtidig avslutta eit 23 års langt eigarskap og arkitektjobben i ART Arkitekter og Ingeniører AS.
Langlo vart gjenvalt som leiar i Møre og Romsdal Arkitektforening tidlegare i vår, og hatt prosjektleiing av større lokale prosjekt for Statsbygg, fylkeskommunen og mange av sunnmørskommunane, opplyser selskapet vidare.
– Vi i Sporstøl Arkitekter er godt nøgde med at Gitte er komen med på laget. Ho tilfører oss både solid arkitektkompetanse, men ikkje minst erfaring med prosjekteringsleiing i større offentlege prosjekt, uttaler dagleg leiar Ingvill Arhaug Bovill i meldinga.
Etter at Sporstøl Arkitekter har tilsett landskapsarkitekt, Lene Hole, tel staben no 19 tilsette. Arkitektfirmaet har hovudkontor i Ulsteinvik, men Langlo vil både ha eige avdelingskontor i Stranda, og vere knytt til kontoret i Ålesund.
Publisert: 30.04.2026 10:03
Sist oppdatert: 30.04.2026 10:03





