Ny jobb
Grethe Aspehaug Loe
Ny dagleg leiar i Innovern.
14.04.2021
Grethe Aspehaug Loe (49) er tilsett som ny dagleg leiar i Innovern i Sykkylven, etter Lars Einar Riksheim.
Den nye leiaren av smittevernfabrikken kjem frå ei stilling i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Ho har tidlegare jobba med marknadsarbeid i møbelbransjen, mellom anna i Hjellegjerde og Stordal Møbler.
Ifølgje selskapet skal Loe ha særleg fokus på marknads- og salsarbeid.
Publisert: 14.04.2021 13:13
Sist oppdatert: 14.04.2021 13:15