Ny jobb

Guro Gausemel

Ny dagleg leiar for Søre Sunnmøre IKT.

25.08.2022
Guro Gausemel portrett

Guro Gausemel er tilsett som dagleg leiar for Søre Sunnmøre IKT (SSIKT).

Gausemel har vore konstituert i stillinga sidan 2020, der ho opphaveleg var leiar for brukarstøtte i SSIKT. Fram til 2018 var ho IKT-leiar i Herøy kommune.

Ho har ein master i informasjonsteknologi, og har vore med på utviklinga frå at it vart sett på som ein støttefunksjon, til der vi i dag ser på IT og digitalisering som eit kjerneområde/heilt sentrale prosessar i den kommunale tenesteproduksjonen, heiter det i ei melding frå Herøy kommune.

SSIKT vart stifta i 2017, og i 2018 vart dei IKT-tilsette i kommunane formelt samla i det nye selskapet. Kjerna i oppgåvene er kostnadseffektive, stabile og trygge tenester for eit felles driftssenter - og best mogleg tenester ut til sluttbrukarane i kommunane som er med i samarbeidsselskapet.

Publisert: 25.08.2022 09:16

Sist oppdatert: 25.08.2022 09:20