Ny jobb

Hilde Beate Ellingsæter

Nordre-redaktør skiftar beite.

07.09.2021
Hilde Beate Ellingsæter portrett privat

Hilde Beate Ellingsæter er tilsett som prosjektmedarbeidar i Sunnmøre Friluftsråd, melder avisa Nordre.

Ho er i dag redaktør i avisa Nordre, og fortel at det har vore spennande og lærerikt, men at freistinga til å skifte beite vart for stor, då ho fekk tilbodet frå friluftsrådet.

Friluftsliv har alltid vore ein stor del av Ellingsæter si fritids-interesse. Ho har til dømes gitt ut Turbok for Haram, og er med i styret og dugnadsgruppa til trimgruppa til Brattvåg IL, skriv avisa.

Publisert: 07.09.2021 09:35

Sist oppdatert: 07.09.2021 09:40

Mer om