Ny jobb

Håvar Fagerli

Ny redaktør og direktør i Fjordenes Tidende

12.10.2021
Håvar Fagerli portrett

Håvar Fagerli (45) tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende AS.

Det skriver Polaris Media i ei pressemelding.

Fagerli kjem frå jobben som områdeleiar eigedom i Vestland fylkeskommune. Den nye redaktøren er utdanna lærar og har arbeida som avdelingsleiar ved Måløy vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule. Han har tidlegare også jobba som journalist i Fjordenes Tidende.

Fjordenes Tidende har om lag 4.500 abonnentar og 10.000 lesarar, og er heileigd av Sunnmørsposten.

Publisert: 12.10.2021 09:06

Sist oppdatert: 12.10.2021 09:09