Håvard Stave
Blir ny sals- og marknadssjef i Dimo.
Håvard Stave er tilsett som sals- og marknadssjef i Dimo og startar i den nye jobben i februar neste år.
Han kjem til Hareid-bedrifta frå stillinga som technical sales manager i Hexagon Purus i Ålesund, der han har jobba nasjonalt og internasjonalt med utvikling og sal av løysingar med hydrogen som drivstoff.
– Håvard vil ha særleg ansvar for produkt- og systemsal, kundeoppfølging og produktutvikling og
dermed spele ei viktig rolle i å styrke vår marknadsposisjon og fremje vidare vekst og utvikling i Dimo, heiter det i meldinga frå Hareid-bedrifta.
Stave har meir enn 25 års bakgrunn i den maritim bransjen, mellom anna frå ulike leiarroller i Ulstein Group.
Publisert: 08.12.2023 09:58
Sist oppdatert: 08.12.2023 09:58