Ny jobb

Ingrid Marie Myklebust Haaseth

Tilsett som ESG-ansvarleg i Vik Ørsta og Saferoad-avdeling.

25.08.2023
Ingrid Haaseth 11 jpg

Ingrid Marie Myklebust Haaseth (29) er tilsett i den nyoppretta stillinga som ESG-ansvarleg i Vik Ørsta og i Saferoad sin divisjon light poles & masts.

Då moglegheita opna seg for Myklebust Haaseth, pakka ho flyttelasset i Bergen og busette seg på Leknes i Hjørundfjorden.

– Fagfeltet er ein spennande kombinasjon av jus og politikk, som eg fekk augene opp for då eg skreiv masteroppgåva mi om openheitslova, fortel Haaseth. At ei lokal industribedrift som Vik Ørsta satsar stort på ESG-feltet synest eg er moro, og det viser at dei meiner alvor, uttaler Haaseth i ei melding frå selskapet.

Publisert: 25.08.2023 11:45

Sist oppdatert: 25.08.2023 11:47

Mer om